SAS – Braathens

Samarbeidsutvalet mellom tillitsvalde i Aker og Kværner (SU) har drøfta SAS-Braathens striden, og vil uttala fylgjande:

31. mai 2002

Rettar ved virksomhetsoverdragelse er, i eit næringsliv med stadig oftare omstillingar og oppkjøp, ein av dei særs viktige rettar å verna om for fagrørsla. Desse prinsippa sikrar likebehandling, samt at andre viktige prinsipp som til dømes ansiennitetsprinsippet også blir ivareteke. Skal ein unngå splittelse, og dermed svekking av både denne og andre viktige faglege rettar, må fagrørsla i fellesskap slå ring om desse viktige prinsipp. Slik opportunisme som me er vitne til i SAS-Braathens striden, der dei SAS tilsette og deira organisasjonar set eigeninteressene framom fellesinteressene, er uverdig for norsk fagrørsle.

I fusjonen mellom Aker Maritime og Kværner si Olje & Gass verksemd er prinsippa ved virksomhetsoverdragelse lagt til grunn, og fokus og krefter kan dermed setjast inn for å finna dei løysingar som ivaretek alle sine interesser best.

Samarbeidsutvalet mellom tillitsvalde i Aker og Kværner stør dei Braathen tilsette sine krav om likebehandling, og om at prinsippa for virksomhetsoverdragelse blir lagt til grunn ved handteringa av samanslåinga SAS-Braathens. SU vil løpande vurdere situasjonen, og eventuelt oppmoda klubbane i Aker og Kværner om å slutta opp om eventuelle sympatiaksjonar for dei Braathens tilsette.

Helsing SU

Atle Tranøy, Rolf Utgård, Leif Furre, Eldar Myhre, Åsmund Knutsen, Harald Magne Bjørnsen.