Støtte til dei tilsette i Braathens

24. mai 2002

Hordaland Arbeiderparti støtter den kampen dei tilsette i Braathens fører mot leiinga i SAS.

SAS kjøpte Braathens i fjor og på det tidspunkt var det enighet med dei tilsette i selskapa om at samordning av deler av selskapa var å forstå som virksomhetsoverdragelse. Seinare har leiinga i SAS tatt avstand ifrå dette.

SAS må respektera det lov- og avtaleverket som vert lagt til grunn ved virksomhetsoverdragelser.

Regjeringa ved næringsministeren må snarast kalla leiinga i SAS inn på teppet. Det kan ikkje aksepterast at eit ”seriøst” selskap der staten er medeigar overkjører dei tilsette, slik SAS har gjort i dette høvet.

Med helsing
HORDALAND ARBEIDERPARTI

Ranveig Frøiland
Leiar

Kontaktperson: Ranveig Frøiland 99 27 39 15